Verda er uklar og kaotisk. Eg kjenner ikkje meg sjølv. Når eg vekkjer meg om morgonen, kan eg ikkje hugse kven eg er; det kan ta fleire minutt før det kjem tilbake til meg. Orda, skriften har mista si meining. Fargane, bileta har mista si meining. Eg trudde eg var vatn, det rann som draperi frå meg, som var delar av kroppen min. Eg vakna og var ein annan, eg måtte bli kjent med meg sjølv på nytt.